Lat oss seia nei

 

Ivar Jørdre
Ivar Jørdre

Av Ivar Jørdre, styremedlem i Antikrigsinitiativet. Artikkelen sto på trykk som leserinnlegg i Klassekampen 24. august

 

Spenninga i Gulfen har auka i sommar med fare for storkrig. Etter at Trump og USA skrota atomavtalen med Iran i 2018 har tilhøva mellom dei to auka til det verre. Hendingar med arresterte skip i Hormusstredet av Iran og auka militær nærver av krigsskip frå Storbritania og USA gjer ikkje situasjonen betre. Trump vil ha alliert flåtestyrke i Gulfen og Storbritania vil ha ei europeisk flåtestyrke der.

Noreg har vorte spurt av USA om å delta, men har førebels ikkje svara. Det kjem nok eit svar snart, då kan me i Antikrigsinitiativet frykte eit ja, men sjølvsagt håpe eit nei. Det ser ut til at deler av media og deler av regjeringa i Noreg kan tenkje seg å delta. Då vil Noreg i tilfelle, etter vår oppfatning, vere med å auke spenninga i staden for å dempe ho.

Dei som kjenner den nære historie veit at USA har starta krigar ut fra “falske påskot” hendingar mange gonger før. Dei ventar berre på “rette” hendinga, så er dagens krigarar, t.d. Mike Pompeo og John Bolton, klar til aksjon. Dei vil ha
regimeskifte med rå makt!

Nokre viktige punkter å hugse på som bakgrunn:

1. Imperialismen til USA har heldt på i godt over 100 år, med utallege invasjonar, som Irak og Libya
2. Noreg vart med som beste bombar i Libyakrigen
3. Afghanistanmarerittet har helde på i snart 18 år, 18 år med Nato og USA!
4. Israel og Saudi-Arabia ventar berre på å få gje Iran ei lekse ei gong for alle
5. Og, Storbritania og USA stod bak kuppet mot den demokratisk valde statsminister, Mohammad Mosaddegh i 1953. Iranarar gløymer dette aldri! Årsak til kuppet: Olje, sjølvsagt!

Dette bakteppet lurer i bakgrunnen frå historia der først og fremst USA, der politikarar, rådgjevarar og storkapital pressar på for militære invasjonar og regimeskifte.

Me må synleggjera for makthavarar, store økonomiske interesser og militær krigshissing, at det absolutt ikkje er greitt å ha slike store militære provokasjonar. Militær avspenning av alle i området er det einaste rette. Noreg må avstå frå militær deltaking!

Ivar Jørdre, Antikrigsinitiativet, Bergen

facebook

 

 

 

Leave a Reply