Norske interesser i Midt-Austen – Kva for noko?

Spesialstyrkar i Midt-Austen gjer ikkje Noreg tryggare. Snarare tvert om. Berre ein ting å gjera, få soldatane heim, no!
_____________________________________________
Av Ivar Jørdre, styremedlem i Antikrigs-Initiativet
_____________________________________________

Når forsvarsminister Frank Bakke-Jensen ?fortel at norske soldatar skal til Jordan for å trena ørkenkrig, kan ein lure på om forsvarsministeren har sett for mange “ørkenfilmar”? Eller at han og regjeringa vil sikre norske interesser på månen eller i Gobiørkenen i Sentral-Asia? Begge deler er omlag like langt vekke frå realitet og sanning som dette i Jordan.

I juni 2019 sendte USA 1000 fleire soldatar til Midt-Austen, endå president Trump hevdar USA vil trekke styrkar ut av regionen. Nei, vesle NATO-landet Noreg vil tekkast “Storebror” ved å vise kor flinke me i Noreg er til å delta i utanlandsoperasjonar. Spesielt denne regjeringa Solberg har vore kjempeflinke til å delta i ulike utanlandsoperasjonar som ikkje har noko verdens ting å gjera med vårt eige forsvar: Bell helikoptere frå 339-skvadronen i Jordan når dei skulle vore i operativ bruk i Nord-Noreg. Skal me forsvara eit diktatur som Jordan er? Har me ingenting lært av krigen i Libya som var ein katastrofe? Kva med den lange «ørkenvandringa” krigen i Afghanistan har vore og med norske soldatar der for kor mange av folket sine skattepengar, brukt i krig?

Ivar Jørdre foran sitt maleri “Peace” som han stilte ut under AntiKrig-festivalen på USF Verftet i september.

Norske styrkar er i Irak frå før, rundt 60 soldatar for tida. Dei burde ha vore heimsende for lenge sidan, i staden sender me nye. Permanent base i Jordan i fleire år, men der skal soldatar berre trene i “periodar”, vert det sagt. Periodar eller ikkje, det norske folk vert aldri spurt om kva me meiner om slike ute-av-europa-operasjonar. Dette er ikkje kontraterroroperasjonar, men for heilt andre gjeremål for vestmaktene sine interesser i regionen.

Utgangspunktet i 2016-18 var å trene opp militsgrupper i Jordan (som i seg sjølv er høgst problematisk), men soldatar deltok truleg i kampar mot Assad-regimet (stikk i strid med mandatet) og vart til og med åtklaga for å støtte ei opprørsgruppe som dreiv med narkosmugling i Syria.

Det er uttalingar frå fleire stortingspolitikarar om løyndom om oppdraga i Midt-Austen. Fleire parti kjenner seg lite opplyste frå regjeringa om Noreg si rolle i desse operasjonane. Alt dette er eit demokratisk og eit tryggleiksproblem. Berre ein ting å gjera, få soldatane heim, no.

Spesialstyrkar i Midt-Austen gjer ikkje Noreg tryggare. Snarare tvert om!