Joint Viking: Eg er fly forbanna!

Nok ei gong får me denne årlege store vinterøvinga til landet. Dette året heiter militærøvinga Joint Viking 2021 og omlag 3000 allierte soldatar skal delta, frå USA, Storbritannia, Nederland og Tyskland. Til saman skal omlag 10.000 soldatar delta på øvinga, som vil gå føre seg i Nordre Nordland og Troms.


Av Ivar Jørdre, styremedlem i Antikrigs-initiativet


“Fredsbyen” akryl på lerret, 1987, av Ivar Jørdre

Eg kan meine heilt til eg «stupar» at eg er i mot slike øvingar og at dei er meir spenningsdrivande i ein «ny kald krig», enn dei er naudsynte for eit heimeforsvar. Og at øvingar som denne er meiningslaus bruk av pengar og skadeleg for miljø og natur. Dette kan eg hevde til «Dovre fell», utan å verte høyrt. Det er som om eg vert slengt i Lofotveggen, eg kjem ikkje gjennom fjellet, eg dett ned som ei daud antikrigssild!

Likevel, gjev eg ikkje opp. Difor tek eg og stadig fleire i Noreg oppatt og oppatt antikrigsbodskapen om nedrustning, ikkje opprustning – avspenning, ikkje fiendeskaping – kjærleik, ikkje hat!

Så kjem noko anna viktig inn i denne vinterøvinga dette året: Koronapandemien! Ikkje før eg har lese ferdig artiklar om Joint Viking 2021, så kjem dei først meldingane om koronasmitta soldatar, 15 frå USA. I skrivande stunde er talet på alle smitta soldatar over 50. Massetesting av dei allierte styrkane forseinkar testsvara til sivile, testane må gjennom samme laboratorium.

Dei smitta vert haldne isolerte, sjølvsagt, men det er ikkje poenget: Er det noko me borgarar har fenge råd/påbod om så er det å passe på smittevernreglar, vera heime, ha minst mogleg med vitjingar, avgrense eller ikkja ha møter/tilstellningar i det heile teke. Dei fleste av oss føljer dette, sjølvsagt gjer me det. Me, alle er tydelegvis ikkje likeverdige under sola sine strålar, i alle fall ikkje i høve dei militære.

No held eg på å steile, merkar eg når eg skriv dette. Eg er fly forbanna (for å seie det mildt..) på dette «Joint Viking-unntaket». Ikkje berre er det spenningsdrivande, men i høgste grad også smittedrivande! Me andre «lovlydige» borgarar sit «innesperra», mens forsvar, verfts- og industribaronane får unntak så det syng etter. Det er demokratisk kjempeurettvist!

Når eg høyrer forsvarsminister Frank Bakke-Jensen sei at me treng å trene på forsvar av Noreg og at det er like viktig under koronapandemien som elles, må eg spørje: Trur verkeleg han og militærleiinga at Russland kjem til å invadera oss viss me ikkje har øvd på dette eit år (eller i framtida)?

Det forsvaret burde gjort heilt og fullt i staden er å forsvare oss mot koronaen, ved m.a. å vera på alle grensestasjonar, flyplassar og hamner. Det hadde vore FORSVAR det! Ikkje drive slike allierte øvingar me veit mest er på USA/Nato sine premissar, der hovudfienden er Russland, og hevde det berre er for Noreg sin del. For ein feilslutnad!

(Første gong publisert i avisa Nordlys, 16.01.21)

2 thoughts on “Joint Viking: Eg er fly forbanna!

  1. Øvelsen er jo i helhet avlyst som følger av Covid, men heldigvis får de som er på sjøen øve:)
    Eg ønsker våre allierte velkommen, vi trenger treningen

Leave a Reply to GS Cancel reply