No trengst nye fredsinitiativ

Av Vidar Lehmann, medlem i Antikrigs-Initiativet. Lehmann har tenestegjort i nesten tre år i FN sine fredsbevarande operasjonar på Gaza og i Libanon, over ein tidsperiode på meir enn tretti år.

Vidar Lehmann

Frå havdjupet utafor norskekysten kan både Russland og USA sine ubåtar fyra av kjernevåpenmissilar med stor nok rekkevidde og kraft til å leggja kvarandre og omverda sine sivilisasjonar øyde og gjera det meste av planeten uleveleg. Dette veit dei. Likevel held denne «dance macabre» fram. Ein ny rundgang fekk denne spiralen nyleg ved at sjefen for USA sin strategiske kommando hevda at USA no måtte bu seg på atomkrig. Han grunngav det med at Russland og Kina si opprusting og modernisering, mellom anna av atomvåpen, var i ferd med å setja USA i bakleksa.

Tretti år etter førre kalde krigen er ein ny i full gang. Skilnaden mellom dei er at denne gongen er ingen av rivalane Russland og USA kvar for seg militære trugsmål mot oss. Trugsmålet er rivaliseringa mellom dei.

Parallelt har det skjedd ei endring i vår militære doktrine. I Sovjetperioden var oppgåva å vera ein krigsførebyggjande terskel med basis i NATO-medlemskapet. Sidan 2016 er det siste endra til at vi skal sikra ei truverdig avskrekking med basis i NATO sitt kollektive medlemskap. Ved nærare augnesyn er dei to utsegnene svært ulike.

Nyleg har FN sitt vedtak om å forby atomvåpen fått kvalifisert fleirtal. Formelt strir difor no atomvåpen mot folkeretten. Likevel har styresmaktene våre og seinast AP sitt årsmøte stemt mot forbodet. Dei grunngjev det med at før dei store aktørane bryr seg, vil ikkje eit forbod hjelpa. Sagt på ein annan måte: Først når land som Russland og USA er viljuge til å signera forbodet skal vi gjera det.

Eit anna, ikkje fullt så høglytt proklamert argument, er at dersom vi tiltrer forbodet, kan det bli oppfatta så negativt av USA /NATO at det går ut over viljen deira til å forsvara oss mot Russland. Dette argumentet er berre haldbart dersom ein meiner at det først og fremst er Russland, men ikkje rivaliseringa mellom dei to som er trugsmålet.

Det aktuelle nordområdet er innseglinga til nordaust-passasjen, med Russland som eine-eigar av sørkysten, og der dei i vest har sin viktigaste marinebase. At dei er sterkt opptekne av å forsvara området er militært like forståeleg som at USA, Kina, Filippinane og andre gjer det same langs sine kystar.  

Eit anna moment har auka spenninga i nord. Siste tiåret, og ikkje minst i år, har norske styresmakter med stadig meir omfattande avtalar gjeve USA så frie militære taumar at norsk jord, luft og hav kan reknast som framskotne bruhovud og i neste omgang «teater» for eit militært oppgjer mellom USA og Russland. Det «snillaste» ein kan seia om dette er at det står i skarp motstrid til parolen om å gjera nordregionen til eit lågspenningsområde.

Mot alt dette kan ein innvenda at Russland dei seinare åra har auka militært nærvær og øvingar i våre nære luft- og sjørom. Kven som her tok dei første stega, og kven som følgde opp er det truleg ikkje semje om. Det som i alle høve gjeld er at begge partar – og no med Noreg stadig tyngre plassert i den eine – steller seg slik at den makabre dansen held fram.  

Vestleg avskrekking av eit presumptivt (!) uvenleg og aggressivt Russland er no i ferd med å få avløysing av eit anna skrekkscenario. Dei seinare åra, sist i 2019, hevda Mikhail Gorbatsjov at verda var i kolossal fare som følgje av det dårlege tilhøvet mellom USA og Russland, og at alle atomvåpen måtte øydeleggjast.

To år seinare er reknestykket ytterlegare komplisert og situasjonen ikkje mindre kritisk. No gjeld det ikkje lenger berre dei to største atommaktene. Tennest ein ny gneist i Midtausten, Søraust-Asia, Aust-Europa eller på Koreahalvøya, kan ufreden på få timar spreia seg. Oppstår det i ein slik situasjon mistydingar, panikk eller blindt raseri, kan detoneringspunktet nåast hjå ei av atommaktene. Då er eit globalt helvete laus.

Risikoen vert ikkje mindre ved at både Russland, USA og fleire andre kjernevåpenstater er ramma av indre kriser og konfliktar. I slike høve kan åtak på ein ytre fiende verta utvegen.    

Det er på høg tid å oppmoda norske myndigheiter til å revidera si eiga forsvarsdoktrine, mellom anna om atomvåpen, ta auka ansvar for eige forsvar og retta opp sivil sårbarheit. Samstundes bør det takast nye, tydelege initiativ for å få i gang omfattande internasjonale nedrustings- og ikkje-åtaksavtalar.

Tenk nytt, syn mot, søk saman med likesinna land og stå fram i FN.