Det som hender er eit nederlag for USA. Men lite grunnlag for glede og optimisme når det er eit styrka Taliban som tek over. Den noverande norske regjering lever framleis i bobla si: Det var rett å ga inn i Afghanistan. Når skal dei pinadø læra?
Av Ivar Jørdre, styremedlem i Antikrigs-Initiativet
No stikk Vesten av frå Afghanistan med “halen mellom imperialistbeina”. Etter å ha vore der i 20 år (ein av USA sine lengste krigar) avgjorde president Biden at styrkane skulle trekkast ut i år. Taliban har førebudd seg godt dei stiste par åra, med hjelp av m.a. Pakistan og Saudi-Arabia, til å overta landet når dette vakuumet måtte koma. Det har dei no gjort. På 11 dagar har dei teke provinshovudstad etter provinshovudstad og så Kabul. Vestlege ambassadefolk med sine afghanske hjelparar og dei afghanarar som har råd, står no i kø på flyplassen for å kome seg ut. Dei fleste afghanarar kan ikkje det og lyt stålsetje seg som best dei kan til dei “nye” usikre tidene.

Vestleg intervensjon har i desse 20 åra ikkje skapt fred, snarare motsett. Med USA i spissen har dei prøvd å bombe fram demokratiet. Slikt går aldri i lengda. Det har mange andre “utanlandsoperasjonar” i historia vist, med døme som Vietnamkrigen (1957–1975) og Libyakrigen (2011). Løparguten Noreg har vore med på dette mislukka “felttoget for demokrati” i Afghanistan, lat oss ikkje gløyme det!
La det vera sagt: Noreg har sprunge etter USA som ein “puddel” når storebror har spurt om kamphjelp. Som i 2005. Då sende Stoltenberg 1-regjeringa 3 F-16 jagarfly til den Nato-leia ISAF-styrken i Afghanistan (VG. 4.11.05).?
Norge hadde også tidligare delteke med F-16 jagarfly, og vedtaket var ledd i regjeringa si ambisjon om å styrke innsatsen i den NATO-leia ISAF-styrken. Noreg trekte seg frå den USA-leia Operation Enduring Freedom (OEF), men i følgje Klassekampen (3.11.05) var samarbeidet mellom ISAF og OEF så tett at dei to operasjonane lånte støtte frå kvarandre.
Militarisering og intervensjonar av land må no Vesten og Nato ei gong for alle forstå at fører ikkje fram til anna enn kaos og blodbad. Sivilfolket er dei som alltid lir i slikt. Kai Eide, tidlegare FN sin spesialutsending til Afghanistan, seier no at ein forstod ikkje landet og folket når ein var der (Kai Eide, twitter). NUPI-forsker Morten Buås seier liknande ting. Statsvitar ved Høgskulen i Innlandet, Micheline Egge Grung er aktuell med antologien Stortinget og den lange krigen, 1991–2021, redigert saman med Tormod Heier, forskningsleiar på Stabsskolen ved Forsvarets høyskole, seier at – Noreg har vore involvert i ei lang rekkje krigar frå avslutninga av den kalde krigen heilt til i dag, meir eller mindre som éin samanhangande krig. Dei seier vidare at Stortinget har vore lite med i avgjersler om Noreg skal delta i krig.
Eit stort demokratisk problem at hemmelege avgjersler om krigsdeltaking har vore opp til regjeringar og ikkje Stortinget. En stor tragedie, mange lidingar utspelar seg i Afghanistan no, og det er ei skam korleis Noreg har stilt opp som USA sin løpargut. Det som hender er eit nederlag for USA. Men lite grunnlag for glede og optimisme når det er eit styrka Taliban som tek over. Den noverande norske regjering lever framleis i bobla si: Det var rett å ga inn i Afghanistan. Når skal dei pinadø læra?