Våpenkvile og fredsforhandlingar må krevast!

Av Ivar Tveito Jørdre, vara til styret i Antikrigs-Initiativet. Innlegget sto på trykk i avisa Hordaland tysdag 6. desember.

No har krigen i Ukraina halde på i 10 månader og han utviklar seg meir og meir som ein stillingskrig utan “ende” lik den me har lært at 1. verdskrig arta seg i store trekk. Sanksjonane mot Russland fungerar ikkje slik Vesten førestilte seg og meir og større våpen til Ukraina gjev heller ikkje momentum. Og Russland vil også få tak i og sjølve lage våpen frametter. No kan det sjå ut som at det i det minste (utan at me veit kva dette innber på kort sikt) talast om samtalar, frå begge sider. Dette spede håpet må verdssamfunnet gripe og Noreg! Og fyrst må det ei våpenkvile til.

Som medlem i FNs sikkerhetsråd har Noreg eit spesielt ansvar for å sikre at FN-pakta etterlevast. Det tyder å gjera alt for at “alle medlemmer skal legge vekk sine internasjonale tvister ved fredelege midlar på ein slik måte at internasjonal fred, tryggleik og rettferd ikkje vert sett i fare.” (artikkel 2, punkt 3).

Ved å sende stadig fleire og kraftigare våpen til Ukraina bidreg me til å eskalera og forlenge krigen. Prisen er titusenvis eller hundretusenvis av drepne. Faren for at krigen kjem heilt ut av kontroll og at atomvåpen kan verte brukt er reell, noko verdssamfunnet for all del må hindre.

Noreg må bryte ut av folden og ta eit aktivt fredsinitiativ, og

– kreve øyeblikkeleg våpenkvile

– bruke plassen i FNs sikkerhetsråd til å følgje opp vårt eige framlegg einrøysta vedteke i Sikkerhetsrådet (6. mai 2022), for å få i gong fredsforhandlingar i tråd med FN-pakta sine retningsliner for fredsløysinger.

Det kan ikkje vera slik at Noreg går inn for noko i FN (og atpå til får tilslutnad for det), for så å gjera heilt andre ting når ein er “heime” att. Det er vel ikkje slik den sjølverklerte “fredsnasjonen” skal virke?

 ———

Les og signer oppropet «Norge må velge en ny vei i Ukraina-krigen» om du ennå ikke har gjort det