Av Ivar Tveito Jørdre, styremedlem i Antikrigs-Initiativet. Fyrst publisert i avisa Hordaland på nett, 05.06.23
Noreg er heilt knytt opp til USA. Dette visast tydeleg ved val av F-35 kampfly og som også kan mangle nok flyteknikarar til at flya fullt ut kjem på vengjene i tida frametter og dermed ikkje klar til forsvaret av Noreg. Og det er endå meir tydeg i vår puddelsvinging i det siste.

Den såkalla «rullerande» USAnske troppetilværet i Noreg er tull og manipulering frå ende til annan. Det har lenge vore frykta av mange at dei soldatar som ifølgje den førre blå-regjering berre skulle vera på Værnes i korte periodar, no er her permanent.
Det liknar veldig på ein byrjande USAnsk minibase. Basepolitikken til Noreg, som har vore fast i over 70 år og forankra i ingen utanlandske basar på norsk jord, står i alle fall på spel, om ikkje for fall i det heile.
Det er omlag 350 USAnske soldatar som til ei kvar tid er på Værnes. Den førre regjeringa og noverande har i tillegg utstasjonering av mellom 300 og 400 USAnske soldatar i Troms.
Bombefly av typen B-1B Lancers vart utplassert på Ørland flystasjon i februar 2021. Dei kan bera atombomber. Dette er første gong i nyare tid at USAnske bombefly utplasserast på ein norsk flybase.
Om ikkje alt dette er å gå lenger vekk frå tidlegare norsk basepolitikk enn nokon gong, ja, så veit ikkje eg kva opptrapping og spenning er!
I lengre tid har Noreg steg for steg gått tettare og tettare inn i USA sin strategiske militærplan for nordområda, dette har forsterka seg etter Russland sin invasjon i Ukraina i februar 2022. For ytterlegare å statuera sin militære makt har no USA sendt sitt største krigsskip, hangarskipet USS Gerald R. Ford, til Noreg og Oslo. På «venskapsvisitt» sjølvsagt! Det er jo det ein brukar slike store krigsskip til, ikkje sant?
Det alvorlege med denne vitjinga og med alt det andre eg har nemnt er at spenninga i nordområda ikkje vert mindre, men vil auke. Vil USA no nytte høvet i nord no når Russland brukar store ressursar i Ukraina og dermed er svekka i nord? Krigsskipet siglar etterkvart nordover langs norskekysten og skal øve med store delar av det norske forsvaret, vert det sagt.
Men, kva for øvingar og kor langt nord skipet skal, vil ikkje Forsvaret ut med. Russarane finn det vel ut likevel.
Til slutt nokre ord frå professor ved Forsvarets høgskole, Tormod Heier, for eit par år sidan. «Norge trekkes aktivt inn i stormaktsrivaliseringen mellom Russland og USA. Det øker sannsynligheten for at Norge blir en slagmark for USA og Russland hvis det skulle bli en konflikt eller en krise som spinner ut av kontroll.»
Er det eit slikt mogleg framtidig «krigslandskap» me ønskjer oss?
Og forresten, kvar er «fredsnasjonen» Noreg opp i alt dette? Kvar er det norske folk sin motstand mot opprustning og for avspenning?