PST

«Vi bør alle være på vakt»

Dette er en reaksjon på intervjuet Bergens Tidende 6. februar hadde med Torgils Lutro, PST-sjefen på Vestlandet.

Intervjuet i BT: PST-sjefen: – Haakonsvern kan være interessant for fremmede stater

Av Dag Jørund Lønning, medlem i Antikrigs-Initiativet

Ein les sanneleg min hatt mykje skremmande for tida, men dette intervjuet med personen som blir framstilt som PST sin nye sjef på Vestlandet tek kaka.

Kor i alle dagar har PST funne denne personen? På treningssenteret til Joseph McCarthy? I STASI sine arkiv?

For her er det nemleg fiendebilete og konspirasjonsteoriar opp, ned, i mente og på alle kantar. Folk må ha piggane ute! Fiendane lurer overalt! Det ligg perserar, kinesarar og russarar i hekken. Pass på kva naboen din seier! Ring meg om han eller ho ytrar noko mistenkeleg!

Ikkje eit ord om å ta steget vidare frå fiendedyrkinga. Ikkje eit ord om at me alle er menneske. Nei, me byggjer ikkje bruer. Me sprenger dei eksisterande i fillebitar.

Det meste han lirar av seg er fullstendig føreseieleg høgreorientert. At landet som på offisielt språkbruk framleis blir titulert som «vår fremste allierte» er på god veg til å bli både autokrati og det som langt verre er, nemnest ikkje med eit ord på denne regionale PST-sjefen si liste over trugsmål. Heller ikkje at denne same «allierte» ser ut til seriøst å vurdera krig mot nabolandet vårt. Dette er heilt uproblematisk, tydelegvis.

Men så finn eg brått at han snakkar direkte til meg: «De som har kinesiske bilar må vera varsame med kva de seier høgt», kjem det..!!!

Jippi! jublar eg. Som lett mellomaldrande, men framleis rebell, er det av og til litt vanskelegare å finna kampane. Å lenka seg fast i timevis eller gå fredsmarsj i mange dagar er ikkje fullt så lett lengre. Men dette! Frå no av skal eg seia absolutt alt høgt inne i den elektriske BYD’en min. Eg skal fortelja og synga om mold, kompost, omdanning, fuglar, dyr, fjell og skog. Dei kjem verkeleg til å gle seg stort over dette der «nede» i Kina.

Men så ser eg tilbake på bildet av denne PST-personen. Og det går kaldt nedover ryggen på meg. Eg hugsar tilbake til åttitalet. Til hysteriet. Til fregattane som låg utanfor heimeøya mi og skaut pingvinrakettar på det som viste seg å vera eit kjøleskåp. Til overvakingssamfunnet og PST på sitt aller, aller mørkaste.

Til klikkinga i telefonen på grunn av engasjementet for okkuperte og undertrykte. Til storminga av redaksjonslokala til bladet «Ikkevold», bladet til dei menneske overvakarane blant oss meinte var dei ALLER største samfunnsfiendane, fordi dei nekta å ta til våpen og drepa.

Når eg les uttalane frå den nye PST-sjefen så fryktar eg alvorleg for at me er på veg tilbake dit.

«Tryggings»politi? Eg kjenner meg ikkje trygg i det heile. Ikkje då. Ikkje no. Og det er slett ikkje grunna eksterne krefter. Så nei, PST-person, eg kjem ALDRI til å ringa deg.