Av Hilde Johannessen, Tore Eikeland, Torfinn Slettebø, Reidun Bøyum, Viggo Askeland, medlemer i Antikrigs-Initiativet på Voss. Innlegg i avisa Hordaland 10. februar 2026.
Finansminister Jens Stoltenberg sa under sikkerheitskonferansen i Warzawa at «…ein ekstra milliard til Ukraina eller éin ekstra milliard til forsvaret er éin milliard mindre til andre gode formål som helse, utdanning og infrastruktur. Men me må hugse at den høgste kostnaden er å la Putin vinne. Derfor må me ta kostnaden og betale prisen for fred».
Som statsminister sa han at «vi skal få eldreomsorgen til å skinne»…
Her heime får vi høyra at det er for lite pengar til helse, eldreomsorg, skule, barnehage, infrastruktur. Ja, alt som er med på å laga gode samfunn å leva i.
Er det verkeleg sant at vi ikkje har råd? Oljefondet dobla verdien sin på fem år. No i skrivande stund, ligg det på nesten 21 tusen milliarder kroner.
I tillegg har norsk våpenproduksjon og sal auka voldsomt, noko som gjev inntekter for både aksjonærane og staten. Våpenfabrikkane har gode dagar. Vi veit at vi leverer våpendelar og teknisk utstyr til Israel via USA. Vi veit at Oljefondet investerer milliardar i varer som leverast til Israel.
Samtidig veit vi at folk slit. Fattigdom og tigging brer om seg. Matkøane er blitt permanente. Dei kommunale tenestene skjer ned til beinet, men får beskjed om at det ikkje er nok.
Fram til 2022 var det semje i Noreg om å ikkje levera våpen til land i krig. Vi var kjende for å vera ein fredsnasjon som satsa på konfliktløysing. Noreg i dag er ikkje til å kjenne att.
No kan styresmaktene knipse med fingrane og hoste opp milliard på milliard til krig!
Vi ser korleis det gjekk med den skinnande eldreomsorga. Enkelte lyspunkt kan ikkje dekke over den grå flata. Derfor vert det opprør.
Støtt det nystarta eldreopprøret!
Støtt det nystarta kommuneopprøret!
Vi kan snu utviklinga. Politikarane våre må ha ryggrad og seie nei når staten tilbyr smular.
Kom på ope møte på gymnaset torsdag 26. februar kl. 18:00. Der vil Åse Møller-Hansen frå IKFF (Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet) halda foredrag om krig, miljø og sikkerhet. La oss diskutera strategien for å løfta velferda her på Voss. Heradsstyret er spesielt invitert. Vi håpar at de kjem!

