Noreg som USA sin 53. stat?

Av Ivar Tveito Jørdre, styremedlem i Antikrigs-Initiativet. Fyrst publisert i avisa Hordaland på nett, 05.06.23

Noreg er heilt knytt opp til USA. Dette visast tydeleg ved val av F-35 kampfly og som også kan mangle nok flyteknikarar til at flya fullt ut kjem på vengjene i tida frametter og dermed ikkje klar til forsvaret av Noreg. Og det er endå meir tydeg i vår puddelsvinging i det siste.

Den såkalla «rullerande» USAnske troppetilværet i Noreg er tull og manipulering frå ende til annan. Det har lenge vore frykta av mange at dei soldatar som ifølgje den førre blå-regjering berre skulle vera på Værnes i korte periodar, no er her permanent.

Det liknar veldig på ein byrjande USAnsk minibase. Basepolitikken til Noreg, som har vore fast i over 70 år og forankra i ingen utanlandske basar på norsk jord, står i alle fall på spel, om ikkje for fall i det heile.

Det er omlag 350 USAnske soldatar som til ei kvar tid er på Værnes. Den førre regjeringa og noverande har i tillegg utstasjonering av mellom 300 og 400 USAnske soldatar i Troms.

Bombefly av typen B-1B Lancers vart utplassert på Ørland flystasjon i februar 2021. Dei kan bera atombomber. Dette er første gong i nyare tid at USAnske bombefly utplasserast på ein norsk flybase.

Om ikkje alt dette er å gå lenger vekk frå tidlegare norsk basepolitikk enn nokon gong, ja, så veit ikkje eg kva opptrapping og spenning er!

I lengre tid har Noreg steg for steg gått tettare og tettare inn i USA sin strategiske militærplan for nordområda, dette har forsterka seg etter Russland sin invasjon i Ukraina i februar 2022. For ytterlegare å statuera sin militære makt har no USA sendt sitt største krigsskip, hangarskipet USS Gerald R. Ford, til Noreg og Oslo. På «venskapsvisitt» sjølvsagt! Det er jo det ein brukar slike store krigsskip til, ikkje sant?

Det alvorlege med denne vitjinga og med alt det andre eg har nemnt er at spenninga i nordområda ikkje vert mindre, men vil auke. Vil USA no nytte høvet i nord no når Russland brukar store ressursar i Ukraina og dermed er svekka i nord? Krigsskipet siglar etterkvart nordover langs norskekysten og skal øve med store delar av det norske forsvaret, vert det sagt.

Men, kva for øvingar og kor langt nord skipet skal, vil ikkje Forsvaret ut med. Russarane finn det vel ut likevel.

Til slutt nokre ord frå professor ved Forsvarets høgskole, Tormod Heier, for eit par år sidan. «Norge trekkes aktivt inn i stormaktsrivaliseringen mellom Russland og USA. Det øker sannsynligheten for at Norge blir en slagmark for USA og Russland hvis det skulle bli en konflikt eller en krise som spinner ut av kontroll

Er det eit slikt mogleg framtidig «krigslandskap» me ønskjer oss?

Og forresten, kvar er «fredsnasjonen» Noreg opp i alt dette? Kvar er det norske folk sin motstand mot opprustning og for avspenning?

Så det var dette de skulle brukes til?

18. mars ble det meldt at to amerikanske atombombefly, B-2 Spirit, fløy over Island og Nord-Atlanteren. Til eskorte hadde de tre norske F-35 kampfly.

Så det var dette skulle brukes til disse flyene? 52 stk. i tallet, til en pris av 800 millioner kroner pr stykk!

F-35 og B-52
Skjermdump fra thebarentsobserver.com

To kommentarer til dette:

-først: Hva kunne ikke disse svimlende pengesummene vært brukt til? Både i disse korona-tider og ellers? Hvor mange fornuftige arbeidsplasser kunne det ikke blitt? Og hvor mange matfat til fattige mennesker i vår verden kunne ikke blitt fylt?

-og: Er dette nasjonal sikkerhetspolitikk for landet vårt? Å knytte oss til som støttespillere til framtidige amerikanske atomvåpen-angrep? Mot Russland? Som selv noenlunde ærlige forsvarsfolk sier ikke er enn trussel mot Norge?

Konklusjon: Mens det norske mobiliserings-forsvaret er redusert til null og niks, bindes landet vårt til masten på det som mer og mer framstår som en desperat og synkende supermakt.

Dette er ikke sikkerhetspolitikk, men usikkerhetspolitikk for landet vårt.

Sjef for Forsvarskommandoen, admiral Elisabeth Natvig, sier om øvelsen at “Evnen til å samarbeide med våre allierte på denne måten, øker vår kapasitet til å forsvare Norge”.

Tvert imot, det “øker vår kapasitet” til å bli dradd inn i flere av USAs krigseventyr og galskap, og er slik en alvorlig trussel mot norsk sikkerhet.

logo