Norske våpen, det nasjonale og dobbeltmoralen

Etter den 17. mai  bør me tenkje ekstra godt på ordet endring, og fremje likeverd , og solidaritet med dei fattige og marginaliserte, i Noreg og resten av  verda.

Krigar er ofte utført av vestvenlege regimer og med bruk av for det meste vestleg produserte våpen. Difor har me eit ansvar etter den 17. mai og ut frå vår fridomsdag å tenkja på dei krigar som me er ein del av. Noreg, via Nammo på Raufoss og Kongsberg Våpenfabrikk, håvar inn milliardar kvart år på våpen som veldig ofte havnar i konfliktområder. Begge våpenprodusentar melder om “produksjonsutfordringar under koronatida“, men produksjon og eksport held fram.

Med andre ord. Noreg er allereie ein verdsleiande våpeneksportør. Ingen andre land er i nærleiken av å eksportera 75 prosent av all produksjon, slik me gjer.

Nokre døme på Noreg sin våpen- og krigsaktivitet som ein må reflektera over når nettopp vår fridomsdag er over:

Døme 1: Selde våpen til krigsbrotsverk i Jemen

Norske våpenprodusentar selde i 2016 våpen, ammunisjon og anna militært materiell til over 100 millionar kroner til Dei foreina arabiske emiratar. Dei er skulda for krigsbrotsverk i Jemen. Eksporten held fram i 2017, og både utanriksminister Søreide og hennar førre statsråd Brende (begge H) forsikra alltid at det ikkje er noko som tyder på at norsk krigsmateriell har vore nytta i Jemen (NTB, jan. 2018). Men, kor mykje verdt er slike uttalingar?

VG omtalte på nyåret i 2018 ein video fra Houthi-opprørarane som visar ei norskprodusert undervannsdrone av typen Remus 600, med eit tydeleg Kongsberg Maritime-merke på sida, funne utanfor kysten av Jemen. Var det nokon som sa “goddag mann våpenskaft“?

Continue reading “Norske våpen, det nasjonale og dobbeltmoralen”