Fråsegn: NATO sin atomvåpenpolitikk er heilt hjernedau

Fråsegn frå Antikrigs-initiativet 1. desember 2019

NATO sin atomvåpenpolitikk er heilt hjernedau

Antikrigs-initiativet stiller seg bak kritikken av NATO sin atomvåpenpolitikk og meinar den er heilt uakseptabel og trugar verdsfreden. Desse våpna er forakt mot natur og sivilisasjon. Dei må raskast mogleg fjernast og øydeleggast. Slike våpen strir mot sjølve livet!

NATO har lenge lagra taktiske atomvåpen i Europa. Det er ein gamal og kjend løyndom. Men, det er også ein av dei mest utrulege og frekke nektingar frå NATO si side: Atombomber er lagra i Italia, Tyskland, Belgia, i Nederland og i Tyrkia. Noko som er eit alvorleg og klårt brot på internasjonale lover. Dette har lenge vore kjent (spesielt av Federation of American Scientists- FAS). NATO har aldri offisielt innrømma dette. Men, noko har tydelegvis gått gale for alliansen her.

I dokumentet med tittelen «En ny æra for atom-avskrekking? Modernisering, våpenkontroll og fremmede atomstyrker» av den kanadiske senatoren Joseph Day, skreve på vegne av forsvars- og sikkerheitskomiteen i NATO sin parlamentariske forsamling, har «løyndomen» blitt avslørt. [1] Ved hjelp av «klypp og lim» har senatoren uforvarande rapportert om dette i det følgande avsnittet (nummer 5), frå ein konfidensiell NATO-rapport:

«I NATO-sammenheng har De Forente Stater utplassert – i avanserte posisjoner i Europa – omtrent 150 atomvåpen, spesielt de B61 viktige bombene. Disse bombene er lagret i seks baser tilhørende USA og Europa – nemlig Kleine Brogel i Belgia, Buchel i Tyskland, Aviano og Ghedi Torre i Italia, Voikel i Nederland og Incirlik i Tyrkia.

I det hypotetiske scenario der det vil bli nødvendig, kan B61-bombene bli transportert av USAs og Europas samlede luftstyrker».

Sett i ljos av dette vert det ironisk, omlag tragikomisk at NATO då skuldar Russland for å ha mange taktiske atomvåpen i sine arsenal. NATO har truleg fleire utplassert i Europa enn Russland har mot.

Dette dokumentet slår fast at USA sine atomvåpen er utplassert i STRATEGISKE posisjoner i Europa og i Anatolia (nær russisk territorium). Dette for å «sikre full involvering fra de alliertes side i NATOs atom-oppdrag, og den fysiske bekreftelsen på USAs atom-forpliktelser for sikkerheten til de europeiske allierte i alliansen».

Alt dette stadfestar i alle fall det forskarar og atomvåpenmotstandarar har dokumentert i årevis, til dømes: I Aviano (i provinsen Pordenone) er USA sine F-16C og D kampfly klare til atomåtak med 50 B61-bomber. Talet på desse er utrekna hjå Federation of American Scientists. Og i Ghedi Torre (i provinsen Brescia) er dei italienske PA-200 Tornado flya klåre for eit USA-leda åtak med 20 B61-bomber. Frå 2020 vil B61 bli erstatta av B61-12, som er designa spesielt for dei nye F-35 jagarflya.

Alt dette er alvorlege brot på Non-Proliferation Treaty som er ratifisert av både USA og Italia.

[1] https://www.independent.co.uk/news/world/europe/us-nuclear-weapons-europe-where-germany-italy-turkey-belgium-nato-a9008111.html

cropped-cropped-aki_edited-logo_gitte-2.jpg

Leave a Reply